Mars,2024

OKOS-nytt 

Nyhetsbrev frå Opplæringskontoret for offentleg  sektor 

 

 
Foto:OKOS. På bildet: f.v. einingsleiar institusjon Oddny Marie Sørestrand. I blått: Helsearbeidarlærlingane Joachim Fjetland og Walid Semih Almohammad samman med to kollegar i helse.

KARRIEREMESSA HØYANGER 2024

I samarabeid med Høyanger kommune deltok OKOS med stand på Karrieremessa. Målgruppa var elevar på Høyanger vidaregåande skule i tillegg til 9. og 10. klasse i Høyanger kommune. Elevar frå Sande, Balestrand, Hyllestad og Vik kommune var også invitert. Føremålet med dagen var å gje elevane og deira føresette hjelp i karierreplanlegging og yrkesval. 

UTPLASSERING UTLAND

OKOS har no søkt om midlar til reise og opphald for nye utplasseringar i samarbeid med våre partnarar i Estland og Tjekkia.

I mai 2024 reiser 2-4 BUA-lærlingar avgårde til Estland for utplassering i 3 veker i to  barnehagar.

Høsten 2024 vil kvalifiserte og motiverte HEA-lærlingar få sjangsen til å tilegene seg nye erfaringar ved å søke på utplassering gjennom verdens største utdanningsprogram Erasmus+ i Tjekkia.

Bilde er frå OKOS arrangerte instruktørkurs i slutten av februar 2024. Totalt 40 deltakarar frå BUA og HEA deltok på kurset. På bildet: Relasjonsøvelse f.v. Anne Marit Rognebakke(Instruktør Sunnfjord kommune) Vibeke Meel Skår (fagleg leiar Høyanger kommune) og  Kjersti Hovland (kurshaldar, Høgskulen på Vestlandet) 

NYE KURS

Kurs og samlingar for 2024 er under planlegging. Faste tiltak er instruktørkurs vår og haust, fagprøvesamling til våren for årets BUA-kandidatar, førstehjelpskurs og introduksjonssamling for dei nye 2024-lærlingane. Andre kurs og samlingar kan også bli aktuelle. Konkrete datoar og detaljert informasjon vert lagt ut i kursoversikta fortløpande.

 Kursoversikt

TANKEVIRUS-KURS

Tankevirus er eit gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykologiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus. Vestland fylkeskommune og Frisklivsentralen i Bergen er arrangørane.

NÅR VERT DET KURS OG FOR KVEN?

Kurs for læringar og lærekandidatar vert 2., 9. og 16.april kl.18.00 – 19:30

Meld deg på via påmeldingsskjema i linken under. Kurset er digitalt med nettbaserte samlingar. Du deltek anonymt gjennom chat og utan kamera.

Les meir 

LEDIGE LÆREPLASSAR

På heimesida vår OKSOWEB.no finn du oppdatert oversikt over ledige læreplassar hos våre medlemsbedrifter. Du søkjer direkte til dei bedriftene du finn intressant. 

Les meir 

 

HELSEFAGARBEIDAR

Navs Bedriftsundersøkelse 2023 viser at det manglar 2700 helsefagarbeidara i Norge.

• Framover mot 2035 ser det ut til å bli ein vaksande mangel på helsefagarbeidera i helsevesenet. Yrkesgruppa er blant dei der helsevesenet i aukande grad har blitt avhengig av innvandring av personar med relevant utdanning frå utlandet.

• Antall lærlingar har generelt sett auka frå 44 000 i 2018 til over 52 000 i 2022. Antallet lærlingar innan helsearbeidarfaget var i 2020 ca. 4300 mens tallet for 2022 er ca. 4200.

Kilder:SSB/Nav

Opplæringskontoret for offentleg sektor i Sogn og Fjordane SA

 Firdavegen 6, Concord, 6801 Førde 

Tlf. 57 82 50 80

 

Du mottar denne e-posten fordi du er påmeldt vår e-postliste.
Dine opplysninger   |   Avmelding   |   Åpne i nettleser
Mailmojo